Hydraulikk - CETOP 1 og 2 – MODUL
Hydraulikk og pneumatikk er sentralt i den daglege drifta offshore, og styrer alt frå boredekk til brønn- og produksjonssystem. I dette emnet lærer du korleis slike anlegg er bygde opp, korleis dei blir drifta og vedlikehaldne, og korleis du vurderer kva styreløysing som passar best i ulike situasjonar. Du får òg høve til å kvalifisere deg til CETOP nivå 1 og 2.
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 15
- Neste oppstart:
- Haust 2026
- Studieplan:
- Studiestad:
- Bergen
Kompetanse og jobbmoglegheiter
Med dette emnet byggjer du deg opp solid kompetanse innan hydraulikk og pneumatikk – fagfelt det er stor etterspurnad etter offshore. Du lærer å drifte, feilsøke og vedlikehalde utstyr på boredekk, samarbeide med ingeniørar og leverandørar, og ta ansvar for sikker drift i tråd med NORSOK og selskapets retningslinjer. Du får òg høve til å ta sertifiseringane CETOP nivå 1 og 2, som er anerkjende i heile bransjen. Emnet gir deg eit godt grunnlag for vidare karriere, til dømes som subsea-ingeniør eller vedlikehaldsleiar.
Oppbygging og arbeidsmåtar
I dette emnet vekslar du mellom forelesingar, oppgåveløysing og praktisk arbeid på laboratoriet, slik at teorien heile tida blir kopla til reelle problemstillingar frå kvardagen offshore.
Undervisninga går føre seg både i klasserom og på nett, og video.
Emnet er todelt. Første del kvalifiserer til Cetop 1. Her er det 8 obligatoriske læringsaktivitetar som du må gjennomføre før du tar første eksamen i Cetop 1.
Med bestått Cetop 1 med 70 prosent eller betre, går du vidare til Cetop 2. Her er det 5 obligatoriske læringsaktivitetar som du må gjennomføre før du tar eksamen i Cetop 2.
Det er krav om 80% frammøte til simulator og lab-øvingar.
Les meir om aktivitetane i emneplanen.
Kostnader
Denne utdanninga er gratis.
Opptak
Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Sjå liste over relevante fagbrev.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.