Hopp til hovedinnhold

Studiestad Stord

I Leirvik på Stord tilbyr Fagskulen Vestland fleire tekniske utdanningar. Dette gjer vi gjennom eit tett samarbeid med lokal industri, eller Stordmodellen, som vi kallar det.

Stordmodellen

Stordmodellen er eit utdanningssamarbeid mellom Fagskulen Vestland og industrien i Sunnhordland, med Aker Solutions som sentral aktør. Målet er å tilby fagarbeidarar praksisnær og relevant vidareutdanning, samtidig som at industrien får tilgang til viktig teknisk kompetanse. Dette er særleg viktig i ei tid med grøn omstilling og rask teknologisk utvikling.

Lokalt, relevant og fleksibelt

Studietilboda er utvikla i nært samarbeid med lokale verksemder, og inkluderer både toårige heiltidsutdanningar og kortare kurs og spesialistutdanningar. Utdanningane skjer lokalt på Stord, der studentane kombinerer jobb og studiar.

For heiltidsutdanningane, Elkraft, Maskinteknikk og Maskinteknikk med ISO-fag, er studentane ei veke på skulen og to veker på jobb gjennom ein 2:1-rotasjonsmodell. Undervisninga er samlingsbasert og skjer i industrien sine eigne lokale, med tett oppfølging frå både fagskulen og bedriftene.

Dei kortare emna er utvikla etter innspel frå bedriftene og tilpassa konkrete behov som t.d. robotteknologi, elektromagnetisk kompatibilitet og industriell isolering. Også desse emna blir undervist lokalt på Stord.

Resultat og effektar

  • Over 700 fagarbeidarar har deltatt sidan oppstart.
  • Høg gjennomføringsgrad (over 90 %), høg studenttilfredsheit og sterk arbeidslivsrelevans.
  • Studentane får tett oppfølging, mentor i bedrift og jobbar med reelle case og prosjekt.
  • Modellen gir industrien rask tilgang til oppdatert kompetanse og fungerer som rekrutteringsarena.
  • Over 40 ulike bedrifter i Sunnhordland og i nærliggande regionar har hatt tilsette på vidareutdanning gjennom Stordmodellen

 

 

Her ser du alle utdanningar ved studiestad Stord