Hopp til hovedinnhold

Studiestaden Austevoll

Fagskulen sine lokale i Austevoll

Fagskulen Vestland har tilbod om Vannkjemi, mikrobiologi og fiskehelse innan akvakultur og Dekksoffiser ved studiestaden Austevoll. På studiestad Austevoll har vi blant anna ein toppmoderne bru-simulator og gode studentfasilitetar saman med Austevoll vidaregåande skule.

Oppmøte for dei ulike utdanningane

Dekkoffiser:

  • 1. klasse møter torsdag 17. august klokka 12:00.
  • 2. klasse møter torsdag 17. august klokka 10:00.

Vannkjemi, mikrobiologi og fiskehelse innan akvakultur: 

Oppstart i veke 34, fyrste samling onsdag 23. august. Samlinga er på zoom frå klokka 19-21:30. 

Timeplan finn de i Visma in school. 

 

Studiestad Austevoll er på Huftarøy i Austevoll kommune. Skulen deler lokaler med Austevoll vidaregåande skole. Her kan du studere Vannkjemi, mikrobiologi og fiskehelse innan akvakultur eller Dekksoffiser.

Skulen er moderne med gode fasilitetar for læring. Vi har store undervisningslokale, utstyrt med E-beam tavler. Vi disponerer opplæringsfartøyet «Stø Kurs» i periodar i tillegg til nye navigasjonssimulatorar.

Austevoll er ein kommune med ein stor maritim næring både innan offshore og fiskeri som skolen har eit godt og nært samarbeid med. Dette er med å sikre at skolen sitt mål om ein utdanning med høy yrkesrelevans blir tatt vare på.

Studiestad Austevoll er sertifisert som «maritimt akademi» av Det norske Veritas og har godkjenning av NOKUT for å tilby dekksoffisersutdanning.

Søk studieplass på Samordna opptak

Besøksadresse:

Sauganeset 18, 5932 Storebø