Hopp til hovedinnhold

Korte utdanningar og kurs

Studentar i klasserom

Fagskulen Vestland tilbyr korte utdanningar som er utvikla i tett samarbeid med industri- og næringsliv på Vestlandet.

Dei korte utdanningane våre

  • gjev deg spisskompetanse innanfor ditt fagfelt på kort tid.
  • går på deltid og er er nett- og samlingsbaserte. Dei let seg derfor kombinere med full jobb.

Fleire av dei korte utdanningane er også

  • ein del av eit bransjeprogram og Industrifagskulen, og er gratis å delta på.
  • gir studiepoeng og kan inngå som del av eit lengre studium om du ønsker å gå vidare.

Velferdsteknologi

Dette er eit emne for deg som ynskjer meir kunnskap om velferdsteknologi og korleis ein kan hjelpe menneske i ulike situasjonar til å nyttegjere seg av denne teknologien.

Energirådgjevar

Myndigheitene stiller stadig nye krav til energiøkonomisering i bygg. Med denne utdanninga får du 10 studiepoeng som gjev deg kompetanse som energirådgjevar.

Sirkulær økonomi og ombruk

Byggebransjen har eit stort behov for fagfolk for å møte krav til berekraftig forbruk av ressursar. Ta 10 studiepoeng innan det høgaktuelle fagfeltet sirkulær økonomi og ombruk.

Robotteknologi og digital produksjon for industrien

Brenn du for nyvinningar som robotteknologi og digital produksjon? Ynskjer du å lære korleis sensorar og robotar fungerer i industrien? Då er dette kurset midt i blinken for deg. Kurset gjev 10 studiepoeng.

Plast og kompositt

Ynskjer du auka kompetanse om plast og kompositt? I dette kurset kan du fordjupe deg i materialeigenskaper, bruksområder og generelt skaffe deg ein god base fagkunnskaper innan dette fagfeltet.

EX-elektriske installasjonar i eksplosjonsfarlege områder

Fagskulen Vestland tilbyr no ein utdanningsmodul innan «EX - elektriske installasjonar i eksplosjonsfarlege områder»

Kurs

Ved Fagskulen Vestland kan du velje mellom fleire kurs innan ulike fagområde.