Velkomen som ny student hos oss! På denne sida finn du all praktisk informasjon som du treng for å bli klar til studiestart.
Studiestart hausten 2023 er sett til torsdag 17. august i skuleruta, men faktisk oppstart kan variere ut i frå kva studium du skal gå, og kva for ein studiestad du er student ved. Sjekk derfor oversikta over samlingar, for å finne tidspunkt for di første samling.
Rundt studiestart vil du motta ein SMS frå Fylkeskommuna med brukarnamn og passord for å aktivere studentkontoen din (Feide brukaren din), som vil gje deg tilgang til våre digitale ressursar. Aktiver den så snart som mogleg. Lenka er gyldig i 14 dagar. Om du ikkje får logga deg inn rett etter du har oppretta studentkontoen, - vent ein halv time og forsøk på nytt. Det kan ta litt tid for systemet å oppdatere seg.
Du brukar same brukarnamn og passord for å logge inn i Visma Inschool, It`s learning, Teams og evt. Zoom.
Det er lurt å laste ned Visma Inschool appen (Visma Software International AS) på mobilen. Då får du enkel tilgang. Du finn lenke til pålogging i desktop versjonen (PC) under fana "for studentar" --> "nyttige lenker"
Introduksjonsvideo
Vi oppmoder til å sjå denne Introduksjonsvideoen om korleis du brukar Visma Inschool.
Viktig: når du logger inn skal du velge Feide-pålogging. Hugs å velge riktig tilhørighet, - Vestland Fylkeskommune.
Dersom du nyleg har vore elev eller student i Vestland fylke kan det hende du fortsatt har ein brukar registrert på deg. Då vil du ikkje få sms med aktiveringslenke, då skal du ordne deg nytt passord via passord.vlfk.no.
Fagskulen brukar digitale studentkort (studentbevis) via appen PocketID. Last ned PocketID fra App Store eller Google Play. Her finn du meir informasjon.
Du bruker også PocketID for å få adgang til undervisningsbygga.
Fagskuleutdanningar kvalifiserer til lån og stipend frå Statens lånekasse.
Søknadsfrister
Du må ha takka ja til ein studieplass før du søkjer, og du kan tidligst søkje fra starten av mai. Siste frist for å søkje er:
15. november for heile året eller berre haustsemesteret
15. mars for vårsemesteret
Behandlingstid
Dei aller fleste søknadane vert behandla i løpet av eit døgn, men meir kompliserte saker kan ta lang tid å behandle. Pass på å søkje så tidlig som mogeleg, slik at du har pengane på konto når semesteret tek til.
For meir informasjon og søknad Lånekassen
Utbetaling:
For å få utbetaling fra lånekassa lyt fagskulen melde inn at de er aktive studentar hos oss. Vi melder inn studentar puljevis, og prosessen startar før studiestart. Vi melder fortløpande inn studentar som får restplassar.
Alle studentar ved Fagskulen Vestland må betale semesteravgift til Saman (Studentsamskipnaden på Vestlandet). Saman har ei rekke velferdstilbod som du som student kan nytte deg av.
Semesteravgifta er på kr. 690,- der kr. 40,- av desse er eit frivillig bidrag til den nasjonale studentorganisasjonen SAIH som jobber for at alle unge mennesker skal ha tilgang til god utdanning.
Studieavgift for nettbaserte utdanningar
Studentane som tar ei nettbasert utdanning må i tillegg til semesteravgifta, betale kr. 3 000,- pr. semester i studieavgift.
Du som studerer Lokal matkultur eller helsefag er unnateke, - du skal ikkje betale studieavgift.
Du vil motta faktura i nettbanken din eller i VIPPS rundt studiestart. Betalingsfristen er 30. september. Studentar som ynskjer å betale før vi sender ut faktura kan ordne dette på servicetorget på Nordnes i Bergen.
Du finn bokliste på nettsida til studiet ditt. (Sjå alle studietilbod). Klikk deg inn på "meir informasjon om utdanninga", og vidare inn på den nyaste studieplanen. Du vil finne boklista nederst i denne.
Fagskulen Vestland nyttar eit administrativt system kalt Visma Inschool (Vis). I Vis vil du finne dine personalia, kva klasse du er i, og du kan sjå timeplanen din. Det er og her du vil finne karakterane dine når dei er klare. Du logger deg inn med studentkontoen din (Feide-pålogging).
Lurer du på kva du treng av maskinvare og PC? Sjå punktet "maskinvare" under overskrifta "IT" under fana "for studentar".
Som student hjå oss får du ei rekke velferdstilbod gjennom Saman (Studentsamskipnaden på Vestlandet. Saman har avdelingar i Bergen, Førde, Sogndal, Stord.
Er du student ved ein av våre andre studiestadar kan du finne meir informasjon om Saman sine tilbod til deg her: «tilbud til andre studiesteder».
Har du behov for rettleiing rundt studieval, gjennomføring av fagskulestudier eller faglege spørsmål kan desse rettast til vårt servicetorg. Kontakt oss gjerne på epost: fagskulenvestland@vlfk.no.
Fagskulen Vestland nyttar Microsoft Teams, Its learning og Zoom i undervisninga.
Du vil få nærmare informasjon om kva for ein læringsplattform som skal nyttast i dine fag før oppstart. Kommunikasjon og informasjon vil skje på Teams for alle studentar ved fagskulen. Det er lurt å logge seg inn på Teams, og å sjekke student-eposten før studiestart for å sikre at ein får all informasjonen ein treng.
Du får tilgang til systema når du har aktivert studentkontoen din via aktivering tilsendt på sms.
Studentane ved Fagskulen Vestland har gratis tilgang til Office pakken frå Microsoft. Gå til "for studentar" --> "IT" og klikk deg inn på "IT- Info" for lenke til nedlasting. Her brukar du og studentkontoen din til registrering (e-brukarnavn@iskule.no).
Studentar kan søkje om å få godskrive emne ein har frå andre studier ved Fagskulen Vestland, eller som ein har gjennomført ved andre fagskular. Dette betyr at vi vil vurdere om det er nok faglig overlapp til at studenten kan få fritak frå tilsvarande emne.
Har du realfag frå Høgskule eller universitet kan dette i nokre tilfeller kvalifisere til fritak/godskriving av realfagemne.
Søknadsprosessen foregår i Visma InSchool, og er avhengig av at du har fått oppretta ein brukar (studentkonto). Søknad om godskriving gjer ein difor fyrst etter studiestart. Oppskrift på korleis du søkjer finn du i Teams.
Som student kan du søkje om individuell tilrettelegging dersom du har ei funksjonsnedsetting, eller andre særskilte behov.
Du kan søkje om tilrettelgging ved eksamen/vurdering og undervisning/studieløp.
Søknad om tilrettelegging skjer i Visma InSchool, og er avhengig av at studenten har fått oppretta ein brukar. Søknad om fritak gjer ein difor fyrst etter studiestart.
Det finst også fleire offentlege tilbod som kan bidra til å gjere kvardagen din enklare.
- Studentsamskipnaden Saman tilbyr blant anna studentrådgivning, boliger, helsetenester og aktuelle kurs.
- Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek (NLB) produserer litteratur i alternativ format for blinde og synshemma studentar.
- NAV har fleire aktuelle tenester som for eksempel hjelpemiddelsentral, lese- og skriveverktøy.
Har du spørsmål? Ta kontakt med sosialpedagogisk rådgjevar Mirjam.Lundhaug@vlfk.no