Retningslinjer for handsaming av fusk ved fagskulen
Fusk eller forsøk på fusk er ikkje tillate, og konsekvensen av å ha fuska eller medverka til fusk er annullering av eksamen og utestenging frå all utdanning ved fagskolen i inntil eitt år. Dette er heimla i fagskoleloven §§ 24 og 25. Fusk eller forsøk på fusk betraktast som eit tillitsbrot overfor fagskolen og er usolidarisk overfor medstudentar.
Studentar som har fuska eller forsøkt å fuske kan:
- få eksamen eller prøve annullert
- stengast ute frå all utdanning ved fagskolen i inntil eitt år
- bli fråtatt retten til eksamen ved fagskolen i inntil eitt år
Tilsvarande gjeld for ein student som bevisst har medverka til fusk.
Retningslinjene i dette dokumentet beskriv kva fusk er, og gir eksempel på kva som kan betraktast som fusk.
Del 1. Kva er fusk og kva konsekvensar kan fusk få
Før ein eksamen eller ein prøve skal studentane bli informert om kva hjelpemiddel som er godkjent å bruke. Informasjon om kva hjelpemiddel som er godkjent under eksamen blir gitt seinast på kunngjeringsdagen for eksamenen eller prøven. Studentane skal også kjenne til reglar for bruk av kjelder.
Informasjonen skal vere tydeleg og lett tilgjengeleg på skolen sine nettsider og/eller på its learning.
I eksamens- og prøvesituasjonar skal studentane sette seg grundig inn i informasjon som fagskolen publiserer. At studenten ikkje kjenner til eksamensreglement og andre dokument som omhandlar eksamen eller prøvar fritar ikkje for ansvar.
1.2 Kva er fusk?
Det vert vurdert som fusk om ein student nyttar ulovlege hjelpemiddel under eksamen, prøve eller innlevering eller på andre måtar handlar i strid med eksamensreglement eller reglar om kjeldebruk bestemt av fagskolen. Som fusk reknar ein mellom anna:
a) Å ha ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg under eksamen
b) Plagiat:
- å legge fram andre sitt arbeid som sitt eige
- å sitere kjelder eller på annan måte nytte kjelder i skriftlege arbeid utan tilstrekkelege kjeldetilvisingar
- å sitere eller på annan måte nytte eigne tidlegare arbeid utan tilstrekkeleg kjeldetilvising
c) Å skaffe seg tilgang til eksamen ved å fuske på arbeidskrav som er vilkår for å gå opp til eksamen
d) Å få godkjenning på urett grunnlag for deltaking ved obligatorisk undervisning eller andre arbeidskrav
e) Å tileigne seg fordelar ein ikkje har rett til ved eksamen eller kurs
f) Ulovleg samarbeid mellom eksamenskandidatar eller grupper
g) Å la ein annan gjennomføre eksamen for deg
Studentar kan reknast for å ha fuska eller forsøkt å fuske frå det tidspunktet eksamenen eller prøven har starta.
På eksamenar med tilgang til hjelpemiddel og i oppgåver, prosjekt og hovudprosjekt, vert det utført plagiatkontroll. Ved omskriving av tekstar kan ein viss plagiatprosent slå ut. Plagiatprosenten vil bli vurdert. Ein plagiatprosent på over 20 vil kunne føre til at eksamenssvaret blir vurdert som plagiat og kan dermed bli annullert. Dette gjeld også for eigenproduserte tekstar.
1.2.1 Eksempel på kva som kan reknast som fusk/forsøk på fusk (lista er ikkje uttømmande)
Eksamen eller prøve under tilsyn
Ved skriftleg eksamen under tilsyn skal det stå oppført på eksamensoppgåva kva for hjelpemiddel som er godkjente. Hjelpemiddel utover dette, vert rekna som ulovlege hjelpemiddel. Det er tilstrekkeleg at hjelpemiddel har vore tilgjengelege under eksamen - det er ikkje avgjerande om studenten har brukt/forsøkt å bruke hjelpemidla for at det skal vere rekna som fusk.
Ulovlege hjelpemiddel kan vere (lista er ikkje uttømmande):
- ark og lappar med pensumrelevant innhald («fuskelappar»)
- tekst/ark med fagleg innhald som er skrive/limt inn i godkjente hjelpemiddel
- eigne kladdeark/innføringsark med allereie «kladda/skriven tekst»
- pensumbøker eller andre relevante fagbøker som ikkje er oppgitt under godkjente hjelpemiddel
- kalkulator som ikkje er av godkjent type
- elektroniske hjelpemiddel (eksempel: mobiltelefon, smartklokke)
Det vert også rekna som fusk om studenten har ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg under eksamen på område utanfor eksamenslokalet. Det er ikkje lov å kommunisere munnleg eller digitalt med medstudentar eller andre under eksamen.
Skriftlege heimeoppgåver, innleveringar, prosjektoppgåver og andre oppgåver
Fusk i samband med desse oppgåvene kan for eksempel vere plagiat:
- gi att ordrett stoff/materiale henta frå lærebøker, andre fagbøker, tidsskrift, eigne eller andre sine oppgåver osv. utan kjeldetilvising og/eller klar markering av at det er eit sitat. Det er ikkje tilstrekkeleg at kjeldene er oppført i litteraturliste.
- skrive ein tekst som er henta frå internett, og heilt eller delvis bruke den som eige svar på oppgåva
- bruke ein tekst som heilt eller delvis har blitt brukt av studenten i ei tidlegare oppgåve/innlevering utan å gi kjeldetilvising
- bruke ein tekst som heilt eller delvis er brukt av ein annan person ved ein annan eksamen
- levere inn arbeid av praktisk art som er laga av andre enn studenten sjølv
- samarbeide med andre i ei oppgåve som fører til svar med vesentleg likt innhald og/eller struktur der det er krav om individuell løysning
- ved individuelle innleveringar skal studenten sitt arbeid vere sjølvstendig
1.3 Konsekvensar av fusk
Fusk kan få følgjande konsekvensar for studenten:
- Eksamen kan bli annullert. Ein eksamen som blir annullert tel som eitt forsøk.
- Etter avgjersle om annullering skal eventuelt vitnemål eller karakterutskrift leverast tilbake til fagskulen.
- Ein student kan bli utestengt frå fagskolen som følgje av fusk/forsøk på fusk. Den lokale klagenemnda kan vedta at ein student som har fuska eller forsøkt å fuske blir utestengt frå all utdanning ved fagskulen, og blir fråtatt retten til eksamen ved fagskulen i inntil eitt år. Tilsvarande gjeld for ein student som bevisst har medverka til fusk.
- Vedtak om utestenging medfører at studenten ikkje kan følge undervisninga og ikkje kan ta eksamen i perioden for vedtatt utestenging. Studentens eventuelle tilgang til institusjonens datasystem og elektroniske læringsstøttesystem vil bli sperra.
Dersom den lokale klagenemnda fattar vedtak om utestenging og/eller annullering av eksamen eller prøve, har studenten rett til å klage til Nasjonal klagenemnd for fagskoleutdanning.
Del 2. Sakshandsaming
2.1 Korleis kan ein oppdage fusk?
Fusk og forsøk på fusk, samt medverknad til fusk, kan bli oppdaga i eksamenslokalet av eksamensvakt eller ved annan kontroll; av sensor under sensurering, av faglærar ved innlevering av oppgåver, etter varsel frå medstudent eller andre, samt etter bruk av tekstgjenkjenningsprogram.
2.2 Studenten sine rettar
Studenten har under heile prosessen rett til å sjå dokumenta i saka og til å forklare seg skriftleg og/eller munnleg. Studenten er derimot ikkje forplikta til å forklare seg. Dersom det blir reist sak om fusk, forsøk på fusk eller medverknad til dette, blir saka sendt til handsaming hos den lokale klagenemnda.
Vedtaket frå klagenemnda kan klagast på innan tre veker til Nasjonal klagenemnd for fagskoleutdanning.