Hopp til hovedinnhold

IT for studentar 

Kom i gang – nye studentar

Følg desse stega når du startar som student:

  1. Aktiver brukarkontoen din – du får ein SMS frå Vestland fylkeskommune med brukarnamn og aktiveringskode (koden er gyldig i 14 dagar)
  2. Last ned Microsoft Teams – dette er den viktigaste informasjonskanalen din
  3. Koble til trådlaust nett på studiestaden med brukarkontoen din
  4. Last ned PocketID for studentbevis og tilgang til bygga -> PocketID

Brukarkonto

Brukarkontoen din gir deg tilgang til dei fleste av Fagskulen Vestland sine system.

  • Når du er registrert som student får du ein SMS frå Vestland fylkeskommune med brukarnamn og aktiveringskode. Registrering skjer i august, så nye studentar kan forvente å motta denne SMS-en i løpet av august månad. Koden er gyldig i 14 dagar.

Slik aktiverer du kontoen:

1.      Gå til passord.vlfk.no og vel «Aktiver brukarkonto»

2.      Fyll inn brukarnamn og aktiveringskoden frå SMS-en

3.      Skriv inn koden på skjermen og vel «Gå vidare»

4.      Følg resten av stega

Vent gjerne 30 minutt etter aktivering før du logger inn første gong – systemet brukar litt tid på å oppdatere seg.

Har du vore elev i Vestland fylkeskommune før? Du har kanskje allereie ein brukarkonto. I så fall får du ikkje SMS. Gå til passord.vlfk.no og vel «Gløymt/Endre passord». Same stad går du om du har gløymt passordet ditt

Gå til aktivering av brukarkonto

PC og utstyr 

Anbefalt:

Ikkje anbefalt: Ingen brukarstøtte 

Windows 10 eller 11 (64-bit)

Mac

PC som ikkje er eldre enn 4 år

Chromebook

Privat PC med administratortilgang

PC frå jobb 

 

Windows på ARM/M-chip (virtuelt miljø

Minstekrav til maskinvare finn du under di utdanning på nettsida. Er ingenting oppgitt, held ein vanleg moderne PC.

Hugs:

  • Du treng administratortilgang for å installere ein del program. Mange arbeidsgjevarar gir ikkje dette, difor bør du unngå jobb-PC.
  • Dersom det blir lisensrevisjon på arbeidsplassen, vil ikkje studentversjonar av programvare vere godkjent på arbeids-PC.
  • For anbefalt antivirusprogram, sjå av-test.org

Programvare

Følgande programvare er tilgjengeleg gratis for alle studentar:

Program:

Bruksområde:

Microsoft Teams

Informasjon, meldingar og møte – obligatorisk

Microsoft 365

Word, Excel, PowerPoint m.m.

Google Workspace

Samarbeid og skylagring

Zoom 

 Videokonferansar

Du logger inn med brukarkontoen du fekk frå Vestland fylkeskommune (e-brukarnamn@iskule.no).

Treng utdanninga di spesialprogram? Du får informasjon om dette frå læraren din.

Anna tilgjengeleg programvare frå Vestland fylkeskommune

Utskrift

  1. Gå til skuleportalen på nettsida
  2. Last opp dokumentet
  3. Logg inn på skrivaren/kopieringsmaskina med brukarkontoen din

Trådlaust internett

  1. Vel nettverket «VLFK» eller det som er oppgitt på studiestaden din  
  2. Bruk brukarnamn og passord frå Vestland fylkeskommune
  3. Har du problem med tilkoplinga? Sjå IT-hjelp nedanfor

IT-hjelp

Har du problem med pålogging, programvare, nettverk eller utstyr? Vi hjelper deg.

Slik melder du inn ei sak:

  1. Fyll ut det elektroniske skjemaet
  2. Vel studiestaden din i nedtrekkslista (t.d. «Fagskulen Vestland – studiestad Stord»)
  3. Vi tek kontakt så snart som mogleg – om saka ikkje kan løysast via fjernhjelp, sender vi ho vidare til lokalt IT-personell

Meld inn IT-sak