Ny vidareutdanning styrker kompetansen på hydrogen og ammoniakk
Fagskulen Vestland lyser no ut to nye vidareutdanningsemne innan hydrogen og ammoniakk. Emna skal gi fagarbeidarar, teknikarar og driftspersonell den kompetansen arbeidslivet etterspør i møte med det grøne skiftet.

Hydrogen og ammoniakk blir peika på som sentrale energiberarar i framtidas industri og maritime næringar. Samtidig er den generelle kompetansen om desse energiberarane framleis låg.
Skal næringa lukkast med å bygge opp velfungerande verdikjeder knytt til hydrogen og ammoniakk, er det behov for større forståing for korleis hydrogen og ammoniakk kan handterast, overvåkast og nyttast på ein trygg og effektiv måte, ikkje minst i skip og ved hamneanlegg.
Eit veksande kompetansebehov
Behovet for kompetanse er særleg stort innan maritim sektor, skipsfart og ved hamneanlegg, der hydrogen og ammoniakk i aukande grad skal lagrast, transporterast og brukast som energikjelde. Her er kunnskap om risiko, sikkerheitskrav og kritiske driftsforhold avgjerande.
Dei nye emna er utvikla som eit bransjeprogram for å møte desse behova. Gjennom praktisk og arbeidslivsrelevant undervisning får studentane kompetanse innan HMS, gassikkerheit, prosesshandtering, overvaking og optimalisering av anlegg.
Utvikla i samarbeid med næringa
Emna er utvikla i tett samarbeid med aktørar som arbeider med hydrogen og ammoniakk til dagleg. Blant samarbeidspartane finn vi Azane Fuel Solutions AS, som utviklar løysingar for bunkring og handtering av ammoniakk som drivstoff i skipsfarten, og Hexagon Purus Maritime AS, som er spesialisert på hydrogensystem for maritim sektor.
Ocean Hyway Cluster, ei nasjonale næringsklynge for maritime verksemder innan hydrogen- og ammoniakkverdikjeda har vore ein viktig bidragsytar. I utviklingsarbeidet har Fagskulen Vestland også vore i dialog med aktørar som Hydrogen Solutions AS (Hyds) og LH2 Shipping om kompetansebehov og framtidige utfordringar i næringa.
Tilbakemeldingane frå næringslivet er tydelege: Det er eit stort og aukande behov for kompetanse innan hydrogen og ammoniakk. Dei nye emna skal bidra til å møte dette behovet gjennom fleksibel, praksisnær og arbeidslivsrelevant vidareutdanning.
Del av eit europeisk kompetansenettverk
Utviklinga av emna er også knytt til Fagskulen Vestland si deltaking i H2CoVE (Hydrogen Centres of Vocational Excellence), eit europeisk samarbeid for utvikling av yrkesfagleg utdanning innan hydrogen. Gjennom prosjektet samarbeider skulen med Høgskulen på Vestlandet og ei rekkje europeiske fagmiljø som arbeider med teknologiutvikling, kompetansebygging og framveksten av hydrogenøkonomien.
Søk no
Begge emna vert gjennomførte for første gong våren 2027. Emna er organiserte som fleksible vidareutdanningar med synkrone og asynkrone digitale læringsaktivitetar kombinert med ei fysisk samling per emne. Tilbodet er spesielt relevant for operatørar, fagarbeidarar, teknikarar og anna driftspersonell som ønskjer å styrkje kompetansen innan framtidas grøne industri.
Trygg handtering av hydrogen og ammoniakk
Trygg handtering av hydrogen og ammoniakk er eit bransjeprogram som består av to emne på 5 studiepoeng kvar. Emna utfyller kvarandre, og studentar står fritt til å ta eitt eller begge emna.
Studentar må søke seg til kvart emne, og får dokumentasjon i form av karakterutskrift for kvart emne ved fullføring.