Hopp til hovedinnhold

HMS ved handtering av hydrogen og ammoniakk - EMNE

Hydrogen og ammoniakk er vert satsa på som sentrale energiberarar og innsatsfaktorar i framtidas industri og maritim verksemd. Dette emnet gir deg grunnleggande kompetanse i trygg handtering av gassane, med fokus på HMS, risikovurdering, beredskap, regelverk og sikker drift av prosessar og anlegg.

Varigheit:
8 veker
Utdanningsform:
Deltid, nett- og samlingsbasert
Studiepoeng:
5
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
20. januar 27
Studiestad:
Bergen

Hydrogen og ammoniakk får stadig større betydning i det grøne skiftet og i framtidas industri. Dette emnet gir deg grunnleggande kompetanse i sikker handtering av desse gassane, med vekt på HMS, risikovurdering, beredskap og trygg drift.

Du lærer å identifisere og handtere farar knytte til forgiftning, lekkasjar, eksplosjonsfare og andre risikosituasjonar. Emnet gir òg innføring i regelverk, sikkerheitskrav, personleg verneutstyr, kontroll- og overvåkingssystem og korleis avvik blir dokumenterte og følgde opp.

Gjennom praktiske øvingar og casearbeid får du innsikt i korleis hydrogen og ammoniakk blir handterte i industrien, og korleis du kan bidra til ein trygg arbeidsplass.

Dette lærer du

Etter fullført emne har du kunnskap om:

    • eigenskapar ved hydrogen og ammoniakk
    • HMS-arbeid, gassikkerheit og risikoforståing
    • lagring, transport, isolasjon og ventilasjon ved arbeid med gassar
    • regelverk knytt til arbeid med gass, inkludert EX/ATEX
    • sensorikk, måleprinsipp og prøvetaking
    • grenseverdiar, klassifiseringar og bruk av personleg verneutstyr
    • handtering av ulykker, utslepp og andre avvik
    • førstehjelp ved ammoniakkeksponering og hendingar knytte til hydrogen
    • korrosjon, materialpåverknad og miljøeffektar ved bruk av hydrogen og ammoniakk
  •  

Du lærer òg å:

    • utføre enkle gassberekningar og tolke tekniske diagram
    • gjennomføre prøvetaking og enkle målingar
    • identifisere og dokumentere avvik
    • bidra i HMS-arbeid og risikovurderingar
    • planleggje og gjennomføre øvingar og beredskapsdrillar
    • bruke korrekt fagterminologi i kommunikasjon og dokumentasjon

Emneinnhald: 

    • Gasseigenskapar og gassberekningar
    • Grunnleggande prosessteknikk
    • HMS, risikovurdering og gassikkerheit
    • Regelverk og EX/ATEX
    • Inspeksjon og prøvetaking
    • Drift og overvåking av prosessar
    • Analyse av ulykker og avvik gjennom praktiske case

Oppbygging og arbeidsmåtar

Undervisninga består av asynkron undervisning med fagstoff, oppgåver og rettleiing som kan gjennomførast fleksibelt ved sida av jobb og digitale samlingar med rettleiing.
 
I tillegg blir det gjennomført ei fysisk samling på Stord med praktiske øvingar, demonstrasjonar og arbeid knytt til prosessforståing, HMS og sensorikk.
 
Studentar må rekne med å jobbe sjølvstendig med fagstoffet utanom digitale og fysisk samling for å bestå emnet. 
 
Vurdering blir gjort ved ei mappeinnlevering med ein munnleg presentasjon, der sluttvurdering er bestått/ikkje bestått. 

Målgruppe

Emnet er relevant for operatørar, teknikarar, fagarbeidarar, driftspersonell og andre som arbeider med eller vil arbeide innan hydrogen-, ammoniakk- og prosessrelaterte anlegg, både på land og til havs. Det eignar seg også for personar som ønskjer å styrkje kompetansen innan HMS, gassikkerheit og grøn industri.

Opptak

Det er løpande opptak.

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkarar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev. 

Søkarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve. 

Nye fagbrev og sveinebrev som kvalifiserer til opptak:

  • Bygg- og anleggsteknikk

    • Industrimålarfaget
  • Elektro og datateknologi

    • Automatiseringsfaget
    • Elektrikarfaget
    • Energioperatørfaget
  • Restaurant- og matfag

    • Industriell matproduksjon
  • Teknologi- og industrifag

    • Boreoperatørfaget
    • Brønnfaget, elektriske kabeloperasjonar
    • Brønnfaget, havbotnintallasjonar
    • Brønnfaget, komplettering
    • Brønnfaget, kveilerøyroperasjonar
    • Brønnfaget, mekaniske kabeloperasjonar
    • Brønnfaget, sementering
    • Gjenvinningsfaget
    • Grafisk produksjonsteknikk
    • Industriell overflatebehandling
    • Industrimekanikarfaget
    • Industrimontørfaget
    • Industrirøyrleggjarfaget
    • Industritekstilfaget
    • Kjemiprosessfaget
    • Kran- og lyfteoperasjonsfaget
    • Laboratoriefaget
    • NDT-kontrollørfaget
    • Platearbeidarfaget
    • Polymerkomposittfaget
    • Produksjonsteknikkfaget
    • Sveisefaget
    • Tekstilrensfaget
    • Industriell skotøyproduksjon
    • Industritekstilfaget, farging, trykking og etterhandsaming
    • Industritekstilfaget, fiskereiskapar
    • Industritekstilfaget, garnframstilling
    • Industritekstilfaget, trikotasje
    • Industritekstilfaget, veving
    • Støyperifaget
    • Termoplastfaget
    • Trykkarfaget
    • Vaskerifaget

     

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse. 

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m. 

Sje Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak. 

Kostnader

Emnet er gratis. 

Samlingsplan vår 27

Veke

Tema

Aktivitet

Innhald

3 

Hydrogen og ammoniakk. Introduksjon. 

Motivasjon for bruk av hydrogen og ammoniakk. 

Online introduksjon/ veiledningstime onsdag 20. januar 20:00-21:00 

Gasslover, kjemi, enkel termodynamikk basert på tolkning av diagram.  

4 

Eksplosjonsfare hydrogen. Standarder, prosedyrer og lover. Respons. 

Online veiledningstime onsdag 27. januar 20:00-21:00 

EX/ATEX 

5 

Ammoniakk. Regelverk og miljøfare. Giftfare og toksikologi. Respons. 

Online veiledningstime onsdag 3. februar 20:00-21:00 

 

6 

Sensorer og overvåkning, prøvetaking 

Samling Stord 

onsdag 10. februar 

Forelesning, omvisninger 

7 

HMS-kultur. PPE. Sikker jobb-analyse 

Online veiledningstime onsdag 17. februar 20:00-21:00 

 

8 

HMS-utvikling – internkontrollforskriften. Måltall og diagram. 

Online veiledningstime onsdag 24. februar 20:00-21:00 

 

9 

Dokumentasjon og avvikshåndtering. Administrative normer. 

Veiledning utgår pga vinterferie 

 

10 

Korrosjon indusert av ammoniakk og hydrogen. Miljøfare. 

Online veiledningstime onsdag 10. mars 20:00-21:00 

 

Muntlig høring om mappeinnleveringer 

Torsdag 11. mars 

19:00-21:00 

pH-målinger 

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

E-post: fagskulenvestland@vlfk.no