Søknad og opptak
Dei fleste utdanningane ved Fagskulen Vestland krev at du har fag-/sveinebrev eller relevant treårig yrkefagleg opplæring. Nokre utdanningar har tilleggskrav. Det er også mogleg å søke med realkompetanse dersom du ikkje fyller det formelle kravet. Kva du skal dokumentere kjem an på bakgrunnen din. Nedanfor finn du informasjon om korleis du søker med vidaregåande yrkesfagleg opplæring, realkompetanse, eller utdanning frå utlandet.
Samordna opptak
Når du skal søke opptak til ei utdanning ved Fagskulen Vestland, gjer du det elektronisk via Samordna opptak.
Søknadsportalen opnar 1. februar. Siste frist for å søke og laste opp dokumentasjon er 15. april. Samordna opptak sender ut svar på søknadane 25. mai.
Alle utdanningane våre finn du her.
Lokalt opptak
Nokre utdanningar har opptak utanom ordinær søknadsfrist. Desse søker du på gjennom Fagskulen Vestland sin søknadsportal.
Klage på opptak
Meiner du det er gjort feil i handsaminga av søknaden din? Då har du rett til å klage.
Du kan klage på opptak ved å sende ein e-post til skulen på fagskulenvestland@vlfk.no. Klagen blir handsama av den lokale klagenemnda for Fagskulen Vestland.
Les meir om klage på opptak her
Reservasjon av studieplass
Du kan få reservert studieplassen din i opptil to år fram i tid på grunn av sjukdom, svangerskap, barsel, verneplikt eller andre tungtvegande grunnar.
Søknadsskjema for reservasjon av studieplass
Meir informasjon om reservasjon av studieplass
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
E-post: fagskulenvestland@vlfk.no