Hopp til hovedinnhold

EX - Elektriske installasjonar i eksplosjonsfarlege område

Varigheit:
Eitt semester
Utdanningsform:
Deltid, nett- og samlingsbasert
Studiepoeng:
10
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
02.01.2026
Studiestad:
Bergen / Stord

Samlingar i Bergen våren 2026

  • Våren 2026 tilbyr vi EX med samlingar i Bergen. Ei samling er på Bryne.
  • Det er løpande opptak.
  • Søknadsfrist 31. oktober.

For å kunne arbeide med elektriske installasjonar i eksplosjonsfarlege område (EX), må du fylle ei rekke lovpålagde kompetansekrav. Denne utdanninga dekker dei krava som finst for å kunne utføre EX-arbeid, mellom anna spesifikke bransjekrav frå tilsynsmyndigheiter og godkjenningsorgan.

Kompetanse og jobbmoglegheiter

Utdanninga gir deg kompetansen du treng for å kunne arbeide med elektriske installasjonar i eksplosjonsfarlge område.

I tillegg til 10 studiepoeng, får du som student ei rekke kursbevis frå dei ulike modulane.

  1. Ex Grunnleggande 1
  2. Ex Grunnleggande 2
  3. Ex for ikkje-elektropersonell
  4. Ex Grunnleggande
  5. ATEX
  6. IEC 60079-0 Generelle krav
  7. IEC 60079-7 Exe
  8. IEC 60079-46 Samanstillingar
  9. IEC 60079 Ex q, o, n.
  10. EN 50381
  11. Norsk olje og gass
  12. IEC 60079-2 Exp
  13. Exi grunnleggande
  14. Ex Vedlikehald
  15. Ex Vedlikehald
  16. Kabelinnføringer
  17. IEC 60079-26 EPL Ga
  18. Mekanisk Ex
  19. EN 1127-1Basisprinsipp
  20. Norsok Z-015

Studiet handlar i hovudsak elektro, men tar også med krav for mekanisk sertifisering og samanstillingar av meir komplekse system, som tavler til store modulsystem.

Nokre bransjar har eigne standardar, som også har ein innverknad på korleis vi produserer utstyr til slike område (til dømes Norsok) og noko av kurset omhandlar dette.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Studiet er eit nettbasert deltidsstudium, med fysiske samlingar. Mellom samlingane er det eigenstudiar. Emnet gir 10 studiepoeng og ei rekke kursbevis.

Studiet er bygd opp med 20 modular som tar føre seg ulike standardar. Kva modul har med delprøvar og kursbevis.

Sluttvurdering er skriftleg eksamen som gjennomførast fysisk.

Det er oppmøtekrav på samlingane, og tillatt grense for fråvær er på 20 prosent. Dersom du har meir enn 20 prosent fråvær får du ikkje gå opp til eksamen. 

Emnet høyrer til studieplanen til fagskuleutdanninga Energioverføring og høgspenningsteknologi som inneheld følgande emne:

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i

  • automatikar
  • FU-operatør
  • tavlemontør
  • droneoperatør
  • elektriker
  • skipselektrikar
  • elektroreperatør
  • energimontør
  • telekommunikasjonsmontør
  • togelektrikar
  • avionikar
  • kulde-,varmepumpe- og ventilasjonsteknikk
  • anleggsrøyrleggar
  • røyrleggar
  • bore- og vedlikehaldsoperatør
  • brønnoperatør
  • industrimekanikar
  • industrimontør
  • NDT-kontrollør
  • motormekanikar
  • skipsmotormekanikar

Realkompetanse

Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.

Realkompetanse er all den relevante kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande..

Les meir om realkompetanse

Kostnader

Denne utdanninga er gratis.

Samlingsplan Stavanger vår 2025

Alle samlingane, sett bort frå den på Bryne, blir haldne  ved Aker Solutions, Stavanger.

  • Rom: J10 1-M07,
  • Adresse: Jåttåvågveien 10, 4020 Stavanger
Samling Stad Dato
1 Stavanger 29.-30. april
2 Stavanger 10.-11. juni
Stavanger, ein dag på Bryne 1.-3. september

 

Eksamen 1. oktober. Fysisk oppmøte i Stavanger.

Samlingsplan Bergen haust 2025

 

Samling Stad Dato
1 Bergen 12. og 13. august
2 Bergen 23. - 25. september
Bryne 27. - 28. oktober

 

Eksamen 2. desember med fysisk oppmøte i Bergen.

Samlingsplan Bergen vår 2026

Samling Stad Dato
1 Bergen 7. og 8. januar
2 Bergen 3. - 5. mars
Bryne 8. og 9. mai

 

Eksamen 12. mai med fysisk oppmøte i Bergen.

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no