Innføring i solenergi, energilagring og aktuelle regelverk - MODUL
Korleis dra nytte av solenergi i praksis? Denne modulen gir både ei innføring i solenergi, solcelleteknologi og energisystem og innføring i bygningstekniske krav ved installasjon og drift av solenergianlegg.
- Varigheit:
- 10 veker
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 10
- Søknadsfrist:
- Neste oppstart:
- 10. april 26
- Studiestad:
- Førde
Modulen gir ei innføring i solenergi, solcelleteknologi og energisystem med fokus på prinsipp, produksjon, verknadsgrad, berekningar, spenningskvalitet, lagring, batterianlegg og alternative energiberarar i ulike typer energisystem.
Studentane får ei innføring i aktuelle byggtekniske krav med vekt på konstruksjonskrav, fuktsikkerheit og brannkrav og innsikt i gjeldande regelverk, standardar og støtteordningar.
Dette studiet gir kompetanse innan planlegging og montering av solcelleanlegg, men det gir ikkje elektroautorisasjon. Alt arbeid på elektriske anlegg må utførast av ein registrert elvirksomhet med fagleg ansvarleg installatør og kvalifisert elektrofagarbeidar.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Studiet blir gjennomført nettbasert med samlingar.
Utdanninga er fleksibelt tilrettelagt som deltidsstudium, og kan kombinerast med full jobb.
Studieløpet utgjer ikkje ei full fagskuleutdanning, men gir formell kompetanse på fagskulenivå.
Samlingsplan vår 26
|
Dato |
Type samling |
Tid |
Timar |
|
Fredag 10. april |
Digital |
08:00–12:00 |
4 t |
|
Fredag 17. april |
Digital |
08:00–12:00 |
4 t |
|
Fredag 24. april |
Digital |
08:00–12:00 |
4 t |
|
Fredag 8. mai |
Digital |
08:00–12:00 |
4 t |
|
Fredag 22. mai |
Digital |
08:00–12:00 |
4 t |
|
Torsdag 28. mai |
Stadbasert (dag 1) |
08:00–16:00 |
8 t |
|
Fredag 29. mai |
Stadbasert (dag 2) |
08:00–16:00 |
8 t |
|
Fredag 05. juni |
Digital |
08:00–14:00 |
6 t |
|
Fredag 12 juni |
Digital |
08:00–12:00 |
4 t |
Opptak
Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Sjå liste over fagbrev her.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Kostnader
Utdanninga er gratis
Modulbasert utdanning
Modulen er ein del av utdanninga Solenergi, lagring og nettintegrasjon, som vert tilbydd modulbasert med tre frittståande modular.
Du søker opptak til kvar enkelt modul og får karakterutskrift etter at å ha fullført og bestått.
Dersom du fullfører alle modulane, får du vitnemål for utdanninga Solenergi, lagring og nettintegrasjon på 30 studiepoeng.
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
E-post: fagskulenvestland@vlfk.no