Innføring i solenergi, energilagring og aktuelle regelverk - EMNE
Korleis dra nytte av solenergi i praksis? Denne modulen gir både ei innføring i solenergi, solcelleteknologi og energisystem og innføring i bygningstekniske krav ved installasjon og drift av solenergianlegg.
- Varigheit:
- 10 veker
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 10
- Søknadsfrist:
- Neste oppstart:
- 14. oktober 2026
- Studieplan:
- Studiestad:
- Førde
Vi har nokre ledige studieplassar med oppstart 14. oktober. Ta kontakt på evu@vlfk.no om du vil vere med.
Modulen gir ei innføring i solenergi, solcelleteknologi og energisystem med fokus på prinsipp, produksjon, verknadsgrad, berekningar, spenningskvalitet, lagring, batterianlegg og alternative energiberarar i ulike typer energisystem.
Studentane får ei innføring i aktuelle byggtekniske krav med vekt på konstruksjonskrav, fuktsikkerheit og brannkrav og innsikt i gjeldande regelverk, standardar og støtteordningar.
Dette studiet gir kompetanse innan planlegging og montering av solcelleanlegg, men det gir ikkje elektroautorisasjon. Alt arbeid på elektriske anlegg må utførast av ein registrert elvirksomhet med fagleg ansvarleg installatør og kvalifisert elektrofagarbeidar.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Studiet blir gjennomført nettbasert med samlingar.
Utdanninga er fleksibelt tilrettelagt som deltidsstudium, og kan kombinerast med full jobb.
Studieløpet utgjer ikkje ei full fagskuleutdanning, men gir formell kompetanse på fagskulenivå.
Samlingsplan haust 26
|
Dato |
Type samling |
Tid |
Timar |
|
Onsdag 14. okt |
Digital |
12:00–16:00 |
4 t |
|
Onsdag 21. okt |
Digital |
12:00–16:00 |
4 t |
|
Onsdag 28. okt |
Digital |
12:00–16:00 |
4 t |
|
Onsdag 04. nov |
Digital |
12:00–16:00 |
4 t |
|
Onsdag 18. nov |
Digital |
12:00–16:00 |
4 t |
|
Onsdag 15. nov |
Digital |
12:00-16:00 |
4 t |
|
Onsdag 2. des |
Stadbasert (dag 1) |
08:00–16:00 |
8 t |
|
Torsdag 3. des |
Stadbasert (dag 2) |
08:00–16:00 |
8 t |
|
Onsdag 16. des |
Digital |
12:00–16:00 |
4 t |
|
|
|
|
|
|
Type |
Timar |
|
Stadbasert |
16 t |
|
Digitalt |
28 t |
|
Sum |
44 t |
Opptak
Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Kostnader
Utdanninga er gratis
Solenergi, lagring og fleksibilitet
Solenergi, lagring og nettintegrasjon er ei utdanning som vert tilbydd gjennom tre frittståande emne.
Du søker opptak til kvart enkelt emne og får karakterutskrift etter at å ha fullført og bestått.
Dersom du fullfører alle emna, får du vitnemål for utdanninga Solenergi, lagring og nettintegrasjon på 30 studiepoeng.
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
E-post: fagskulenvestland@vlfk.no