Hopp til hovedinnhold

Solenergi: Installasjon, styring, KI og vedlikehald - MODUL

Korleis nytte KI for effektiv drift og vedlikehald av solcelleanlegg? Korleis installere og konfikurere solcelleanlegg med energilagring? Dette er blant dei sentrale spørsmåla i denne frittståande modulen i studiet Solenergi, lagring og nettintegrasjon.

Varigheit:
10 veker
Utdanningsform:
Deltid, nett- og samlingsbasert
Studiepoeng:
10
Neste oppstart:
Haust 26
Studiestad:
Førde

Installasjon, styring, KI og vedlikehald har fokus på installasjon, styring, kunstig intelligens og vedlikehald av solkraftsystem. Studentane utviklar kompetanse i designprosessar, dimensjonering, komponentval, installasjon, konfigurasjon og nettilknyting.

Det vert lagt vekt på bruk av digitale verktøy og kunstig intelligens for drift, overvaking og optimalisering, samt ivaretaking av sikkerheit, regelverk og byggtekniske krav.

Dette studiet gir kompetanse innan planlegging og montering av solcelleanlegg, men det gir ikkje elektroautorisasjon. Alt arbeid på elektriske anlegg må utførast av ein registrert elvirksomhet med fagleg ansvarleg installatør og kvalifisert elektrofagarbeidar.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Studiet blir gjennomført nettbasert med samlingar.

Utdanninga er fleksibelt tilrettelagt som deltidsstudium, og kan kombinerast med full jobb.

Studieløpet utgjer ikkje ei full fagskuleutdanning, men gir formell kompetanse på fagskulenivå.

Opptak

Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.

Sjå liste  over fagbrev her.


Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Les meir om realkompetanse

Kostnader

Utdanninga er gratis.

Modulbasert utdanning

Modulen er ein del av utdanninga Solenergi, lagring og nettintegrasjon, som vert tilbydd modulbasert med tre frittståande modular.

Du søker opptak til kvar enkelt modul og får karakterutskrift etter at å ha fullført og bestått.

Dersom du fullfører alle modulane, får du vitnemål for utdanninga Solenergi, lagring og nettintegrasjon på 30 studiepoeng.

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

E-post: fagskulenvestland@vlfk.no