Hopp til hovedinnhold

Lysbogerisiko, sikker drift og HMT i maritime miljø

Her får du ei systematisk innføring i lysbogefenomenet i elektriske anlegg og dei konsekvensane lysboge kan ha for personell, utstyr og drift. Emnet gir deg grunnleggande forståing av korleis og kvifor lysbogar oppstår, ulike lysbogetypar og kva faktorar som påverkar energinivå og skadepotensial.

Varigheit:
4 månader
Studiepoeng:
10
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
November 2026

Kompetanse og jobbmoglegheiter

Undervisninga omfattar risiko og konsekvensar knytt til lysboge, mellom anna termisk energi, trykkbølgje, UV-stråling, gassutvikling og smelta metall. Vidare vert det gjennomgått berekning av kortslutningsstraumar, lysbogeenergi (cal/cm²) og skadepotensial, samt bruk av analyseverktøy i risikovurderingar. Emnet tek føre seg samanhengen mellom kortslutningsstraum, spenning, avstand og utkoplingstid, og korleis selektivitet, vern og vernekarakteristikkar påverkar energinivå ved feil.

Emnet tek og føre seg tekniske risikoreduserande tiltak som lysbogevakter og andre system for rask feilutkopling, samt korleis utforming av tavler, kapslingar og rom påverkar risiko og konsekvensar ved lysboge. Vidare vert det lagt vekt på fastsetjing av lysbogesoner og tryggleiksavstandar, krav til personleg verneutstyr (PPE), merking og praktisk bruk og avgrensingar ved verneutstyr, ELIM- verdi, samt trygge arbeidsmetodar, trygg planlegging av arbeid, førebyggjande tiltak, bruk av rett verktøy, krav til merking av tavler og installasjonar med informasjon om lysbogerisiko, omgrep og dokumentasjon.

Etter fullført emne skal du kunne forstå og vurdere lysbogerisiko og bidra til sikker planlegging, drift og arbeid i elektriske anlegg.

Det vert òg lagt vekt på at risikobilete og tekniske løysingar kan variere mellom ulike industriområde. I landbaserte anlegg er det ofte betre plassforhold, enklare tilkomst og større moglegheiter for fysisk separasjon mellom komponentar. Dette kan påverke kapslingsløysingar, vern og tilgjenge for installasjon og vedlikehald.

I maritime og offshore installasjonar er anlegga gjerne meir kompakte, med strengare krav til driftssikkerheit, redundans og brannvern. Begrensa plass, vibrasjonar og utfordringar knytt til evakuering kan stille høgare krav til kapsling, vern, rask feilutkopling og dokumenterte risikovurderingar. Du skal få forståing for korleis slike rammevilkår påverkar planlegging, analyse og gjennomføring av arbeid i elektriske anlegg.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Studiet er eit nett- og samlingsbasert deltidsstudium med fysiske samlingar. Mellom samlingane er det eigenstudiar. Emnet gir 10 studiepoeng.

Det skal leverast åtte læringsnotat og to caseoppgåver. Arbeidskrav må vere godkjende for å få vurdering.

Sluttvurdering skjer ved mappevurdering av læringsnotat og case. 

Det er oppmøtekrav på samlingane, og tillatt grense for fråvær er på 20 prosent. Dersom du har meir enn 20 prosent fråvær får du ikkje gå opp til eksamen.

Emnet høyrer til studieplanen til fagskuleutdanninga Energioverføring og høgspenningsteknologi som inneheld følgande emne:

Opptak

Emnet har løpande opptak. Det betyr at kvalifiserte søkarar blir tatt inn i den rekkefølga dei søker. Behandling av opptaket skjer etter søknadsfrist.

Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på relevant fagbrev eller realkompetanse.

Liste over relevante fagbrev

Realkompetanse

Dersom du er 23 år og har relevant erfaring, kan du søke om opptak med realkompetanse.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

Kostnader

Utdanninga er gratis.

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

E-post: fagskulenvestland@vlfk.no