Hopp til hovedinnhold

KI i industrien: Innføring i KI og digitalisering for operatørar

Dette emnet gir deg som operatør i industrien ei grunnleggande og praksisnær forståing av kunstig intelligens, digitalisering og automatisering. Emnet ser på korleis KI kan takast i bruk for å forbetre produksjon og vedlikehald.

Varigheit:
2 månader
Utdanningsform:
Deltid, nettbasert
Studiepoeng:
5
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
Vår 27
Studieplan:
Studiestad:
Bergen / Førde

Kompetanse og jobbmoglegheiter

Dette emnet gir tilsette i industrien ei grunnleggande og praksisnær forståing av kunstig intelligens, digitalisering og automatisering.

Emnet kastar lys over korleis KI kan takast i bruk for å forbetre produksjon og vedlikehald. Det blir lagt vekt på å gi forståing for personvern, etikk og datasikkerheit i eit industrielt perspektiv.

Målet er å styrke studenten sin kompetanse i nye arbeidsmetodar og digitale verktøy, inkludert kva desse verktøya kan brukast til, og kva avgrensingar dei har.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med digitale samlingar. I tillegg til deltaking på samlingar, er det forventa at det blir arbeidd med læringsaktivitetar og obligatoriske læringskrav.

Mellom samlingane er det både eigenstudium og lærarstyrte aktivitetar, både synkrone og asynkrone.

Undervisninga legg opp til erfaringsbasert læring med praktiske prosjektbaserte oppgåver.

Det er to obligatoriske arbeidskrav.

Vurdering

Mappevurdering som består av prosjektrapport og videopresentasjon. Det skal vere mogleg å identifisere den enkelte studenten sitt bidrag.

Mappa vert vurdert med Bestått/Ikkje bestått.

Opptak

Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på relevant fagbrev eller realkompetanse.

Liste over relevante fagbrev

Realkompetanse

Dersom du er 23 år og har relevant erfaring, kan du søke om opptak med realkompetanse.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

Kostnad

Utdanninga er gratis

Samlingsplan vår 27

Det er fire digitale samlingar på to timar. I tillegg er det asynkron undervisning i læringslplattforma. Dei digitale samlingane varer i to timar frå 10 - 12.

  • Samling 1 -> 03. februar
  • Samling 2 -> 17. februar
  • Innlevering av 1. arbeidskrav -> 21. februar
  • Samling 3 -> 03. mars
  • Samling 4 -> 17. mars
  • Innlevering av 2. arbeidskrav -> 24. mars
  • Oppsummering og rettleiing -> 07. april

Frist for innlevering av mappe til vurdering -> 11.april

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

E-post: fagskulenvestland@vlfk.no