Hopp til hovedinnhold

Informasjon om ledige studieplassar

student foran pc brosjyre s. 27.jpg

Frå 31. mai kan du søke på dei ledige studieplassane våre.

Det kan framleis vere mogleg å sikre seg ein studieplass til hausten. 

30. mai blir eventuelle ledige studieplassar publiserte via Samordna opptak. 31. mai klokka 09:00 blir det opna for søking på desse studieplassane.

Det er løpande opptak, så her gjeld det å vere raskt ute. Det er også viktig at du lastar opp relevant dokumentasjon saman med søknaden din. 

Merk at det kan bli lagt til nye studieplassar på lista også etter 30. mai.

Her finn du meir informasjon og oversikt over dei ledige studieplassane.