Anbod og kontraktar – EMNE
- Varigheit:
- 2 månader
- Utdanningsform:
- Deltid, nettbasert
- Studiepoeng:
- 5
- Neste oppstart:
- Vår 27
- Studiestad:
- Førde
Det er løpande opptak.
Anbod og kontraktar er ei kort utdanning på 5 studiepoeng, der du får innsikt i anbod og kontraktar i bygg- og anleggsbransjen. Du lærer å bruke Norsk Standard, forstå byggeprosessen og entrepriseformer, samt utforme og fylle ut anbodspapir. I tillegg får du kunnskap om kontrahering, byggebudsjett og relevante forskrifter.
Generell kompetanse
Anbod og kontraktar gir deg innsikt i anbod og kontrahering i offentleg og privat sektor.
Gjennom utdanninga vil du:
- Lære å bruke relevante Norsk Standardar i bygg- og anleggsbransjen
- Få oversikt over byggeprosessen og rollene til dei ulike aktørane
- Få kunnskap om entrepriseformer og korleis ein lagar anbodsgrunnlag
- Øve på å fylle ut anbodspapir etter ulike entrepriseformer
- Forstå kontraheringsprosessen og byggjebudsjett
- Bruke byggteknisk forskrift og Norsk Standard i anbodssamanheng
Oppbygging og arbeidsmåtar
Studiet er nettbasert og undervisninga skjer gjennom webinar via videokonferanseverktøyet Teams. Studiet består av fem samlingar fordelt på fem veker. Samlingane er på dagtid.
Arbeidet omfattar både individuelle oppgåver og gruppearbeid, inkludert eit prosjektcase. Gruppene skal levere ein prosjektrapport og halde ein presentasjon for studiegruppa. Presentasjonen blir vurdert som godkjent eller ikkje godkjent.
Det er to obligatoriske skriftlege gruppeinnleveringar som må vere godkjende for å kunne få vurdering i emnet. Vurderingsforma er godkjent / ikkje godkjent.
Kostnad
Denne utdanninga er gratis.
Opptak
Det er løpande opptak.
Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i:
- Anleggsgartnarfaget
- Anleggsmaskinførarfaget
- Anleggsrørleggarfaget
- Asfaltfaget
- Automatiseringsfaget
- Banemontørfaget
- Betongfaget
- Brønn- og borefaget
- Byggdriftarfaget
- Energimontør
- Feiarfaget
- Fjell- og bergverksfaget
- Forskalingssnekkar
- Fundamenteringsfaget
- Glasfaget
- Industrimålarfaget
- Isolatørfaget
- Kulde- og varmepumpemontørfaget
- Limtreproduksjonsfaget
- Murarfaget
- Målarfaget
- Røyrleggjarfaget
- Steinfaget
- Stillasbyggjarfaget
- Tak- og membrantekkjarfaget
- Trelastfaget
- Trevare- og bygginnreiingsfaget
- Tømrarfaget
- Veg- og anleggsfaget
- Vegdrift- og vegvedlikehaldsfaget
- Ventilasjons- og blekkslagarfaget
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Samlingsplan haust 2025
| Økt | Dato | Klokkeslett |
| 1 | 16. september 2025 | 12:00 - 15:00 |
| 2 | 23. september 2025 | 12:00 - 15:00 |
| 3 | 30. september 2025 | 12:00 - 15:00 |
| 4 | 14. oktober 2025 | 12:00 - 15:00 |
| 5 | 21. oktober 2025 | 12:00 - 15:00 |
Fagressursar
• Norsk Standard
• Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no
Emnepakke: Prosjektleiing i bygg og anlegg
Emnepakken Prosjektleiing i bygg og anlegg er eit praksisnært tilbod med tre emne på 5 studiepoeng kvar. Emna tek utgangspunkt i bygg og anlegg, men er også relevante for andre faggrupper.
Du søker opptak til kvart enkelt emne og får karakterutskrift etter at å ha fullført og bestått.
Emna har ein naturleg fagleg progresjon, men kan også gjennomførast enkeltvis eller i den rekkjefølgja som passar studenten og arbeidsgivar sitt behov.
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
E-post: fagskulenvestland@vlfk.no