Frå kontrakt til overlevering - EMNE
Dette heildigitale emnet gjev ei praktisk innføring i leiing og gjennomføring av byggeprosjekt frå kontrakt til sluttoppgjer.
- Varigheit:
- 5 veker
- Utdanningsform:
- Deltid, nettbasert
- Studiepoeng:
- 5
- Neste oppstart:
- Haust 27
- Studiestad:
- Førde
Studenten får kunnskap om entrepriseformar, framdriftsplanlegging, økonomistyring og risikohandtering. Gjennom nettbasert arbeid lærer ein å handtere endringsmeldingar, inngå kontraktar med underentreprenørar, leie byggemøte og setje opp sluttoppgjer.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Dette er eit heildigitalt emne med digitale samlingar og nettbasert arbeid gjennom samlingane.
Opptak
Det er løpande opptak.
Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i:
- Anleggsgartnarfaget
- Anleggsmaskinførarfaget
- Anleggsrørleggarfaget
- Asfaltfaget
- Automatiseringsfaget
- Banemontørfaget
- Betongfaget
- Brønn- og borefaget
- Byggdriftarfaget
- Energimontør
- Feiarfaget
- Fjell- og bergverksfaget
- Forskalingssnekkar
- Fundamenteringsfaget
- Glasfaget
- Industrimålarfaget
- Isolatørfaget
- Kulde- og varmepumpemontørfaget
- Limtreproduksjonsfaget
- Murarfaget
- Målarfaget
- Røyrleggjarfaget
- Steinfaget
- Stillasbyggjarfaget
- Tak- og membrantekkjarfaget
- Trelastfaget
- Trevare- og bygginnreiingsfaget
- Tømrarfaget
- Veg- og anleggsfaget
- Vegdrift- og vegvedlikehaldsfaget
- Ventilasjons- og blekkslagarfaget
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Kostnader
Denne utdanninga er gratis.
Samlingsplan haust 26
|
1 |
01.09.26 |
12.00 – 15.00 |
Intro til entrepriserett og organisering |
|
2 |
08.09.26 |
12.00 – 15.00 |
Kontrahering og risiko |
|
3 |
22.09.26 |
12.00 – 15.00 |
Dagleg drift, byggherremøter og endringer |
|
4 |
29.09.26 |
12.00 – 15.00 |
Overlevering og sluttoppgjør |
Emnepakke: Prosjektleiing i bygg og anlegg
Emnepakken Prosjektleiing i bygg og anlegg er eit praksisnært tilbod med tre emne på 5 studiepoeng kvar. Emna tek utgangspunkt i bygg og anlegg, men er også relevante for andre faggrupper.
Du søker opptak til kvart enkelt emne og får karakterutskrift etter at å ha fullført og bestått.
Emna har ein naturleg fagleg progresjon, men kan også gjennomførast enkeltvis eller i den rekkjefølgja som passar studenten og arbeidsgivar sitt behov.
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
E-post: fagskulenvestland@vlfk.no