Hopp til hovedinnhold

Innføring i prosjektleiing - EMNE

Innføring i prosjektleiing gjev studenten innsikt i prosjekt som arbeids- og styringsform. Emnet tek føre seg sentrale metodar, organisering, partar i eit prosjekt og korleis planlegge, styre, risikovurdere og leie overordna prosessar frå mandat og oppstart til overlevering og ferdigstilling.

Varigheit:
6 veker
Utdanningsform:
Deltid, nettbasert
Studiepoeng:
5
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
November 26
Studiestad:
Førde

Dette nettbaserte emnet går over seks veker hausten 2026 og gjev innføring i planlegging, økonomistyring og leiing av prosjekt frå oppstart til overlevering.

Undervisninga er lagt opp med fire digitale samlingar og eige arbeid, noko som gjer det mogleg å kombinere med full jobb.

Tilbodet er gratis, gjev 5 studiepoeng. Emnet tek utgangspunkt i prosjekt innanfor bygg og anlegg, men eignar seg også for andre faggrupper.

 

Oppbygging og arbeidsmåtar

Innføring i prosjektleiing er eit heildigitalt emne som vert gjennomført gjennom digitale samlingar og eige arbeid mellom samlingane. 

Det er krav om ei individuell skriftleg innlevering i løpet av emnet. 

Sluttvurdering bestått/ikkje bestått vert gjort på grunnlag av ei individuell skriftleg innlevering. 

Opptak

Det er løpande opptak.

Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i:

  • Anleggsgartnarfaget
  • Anleggsmaskinførarfaget
  • Anleggsrørleggarfaget
  • Asfaltfaget
  • Automatiseringsfaget
  • Banemontørfaget
  • Betongfaget
  • Brønn- og borefaget
  • Byggdriftarfaget
  • Energimontør
  • Feiarfaget
  • Fjell- og bergverksfaget
  • Forskalingssnekkar
  • Fundamenteringsfaget
  • Glasfaget
  • Industrimålarfaget
  • Isolatørfaget
  • Kulde- og varmepumpemontørfaget
  • Limtreproduksjonsfaget
  • Murarfaget
  • Målarfaget
  • Røyrleggjarfaget
  • Steinfaget
  • Stillasbyggjarfaget
  • Tak- og membrantekkjarfaget
  • Trelastfaget
  • Trevare- og bygginnreiingsfaget
  • Tømrarfaget
  • Veg- og anleggsfaget
  • Vegdrift- og vegvedlikehaldsfaget
  • Ventilasjons- og blekkslagarfaget

Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.

Les meir om realkompetanse

Kostnad

Denne utdanninga er gratis.

Samlingsplan haust 26

 

Veke

Dato

Tid

Aktivitet

47

17.11.2026

12:00 – 15:00

Samling 1: Innføring i prosjektleiing

48

24.11.2026

12:00 – 15:00

Samling 2: Prosjektplanlegging og framdrift

49

01.12.2026

12:00 – 15:00

Samling 3: Prosjektøkonomi og styring

51

15.12.2026

12:00 – 15:00

Samling 4: Samhandling, rapportering og avslutning

Frist for mappeinnlevering: 5. januar

Studentar må rekne med å sette av tid til eige arbeid mellom samlingane. 

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

E-post: fagskulenvestland@vlfk.no