Å forstå: Barns utvikling, psykisk helse og tidleg innsats - MODUL
Dette emnet gjev ei grunnleggande forståing av barn og unge si psykiske helse og normalutvikling, inkludert sårbarheit, risikofaktorar, beskyttelsesfaktorar og tidleg innsats.
- Varigheit:
- 8 veker
- Utdanningsform:
- Deltid, nettbasert
- Studiepoeng:
- 5
- Neste oppstart:
- Vår 27
Dette emnet er ein frittståande modul i studiet Psykisk helse for barn og unge ved Fagskulen Vestland. Studiet er forankra i den akkrediterte fagskuleutdanninga Barn og unges psykiske helse på 60 studiepoeng, og er utvikla som eit komprimert og praksisnært tilbod på 15 studiepoeng.
Tilbodet byggjer på kompetansebehov frå tenestefeltet og skal gi tilsette som arbeider tett på barn og unge styrkt kompetanse innan psykisk helse, førebygging, relasjonelt arbeid, psykososial forståing og tidleg innsats.
Formålet med utdanninga er å styrkje deltakarane si evne til å forstå, møte og stå trygt i arbeidet med barn og unge i sårbare situasjonar. Studiet skal bidra til felles fagleg språk, betre relasjonell praksis, tidlegare identifisering av sårbarheit og tryggare samhandling med barn, unge, føresette og samarbeidande tenester.
Målgruppa er fagarbeidarar og assistentar som arbeider med barn og unge i sitt daglege arbeid. Tilbodet rettar seg mot yrkesaktive som har oppgåver knytt til oppfølging, støtte og samhandling rundt barn og unge, og som har behov for styrkt kompetanse innan psykisk helse for barn og unge, førebygging, relasjonelt arbeid, psykososial forståing og tidleg innsats.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Studiet er heildigitalt og fleksibelt og er særleg tilpassa yrkesaktive deltakarar.
Gjennomføringa er lagt opp slik at deltakarane kan kombinere studiet med arbeid. Studiet består av asynkront læringsarbeid, casebasert læring, individuelt arbeid, gruppearbeid, rettleiing og frivillige digitale samlingar.
Læringsaktivitetane tek utgangspunkt i deltakarane sin eigen arbeidssituasjon og relevante praksisnære problemstillingar.
Praktisk gjennomføring
Emnet blir hovudsakleg gjennomført asynkront. Det betyr at studenten i stor grad kan arbeide med læringsressursar, aktivitetar og oppgåver når det passar, innanfor emneperioden og dei oppgitte fristane.
Det blir gjennomført to digitale synkrone samlingar. Samlingane er ikkje obligatoriske, men deltaking blir sterkt tilrådd. På den første samlinga blir mellom anna obligatoriske læringsaktivitetar og kriteria for godkjenning gjennomgått. På den andre samlinga blir det lagt opp til fagleg oppsummering og rettleiing i grupper knytt til arbeidet med obligatoriske læringsaktivitetar. Rettleiinga kan ved behov strekkje seg noko utover oppsett tid.
Obligatoriske læringsaktivitetar (OLA)
For å bestå emnet og få 5 studiepoeng må to obligatoriske læringsaktivitetar (OLA 1 og OLA 2) vere godkjende. Studenten har inntil to forsøk på kvar OLA. OLA 1 og OLA 2 kan leverast samtidig. Dersom berre éin av aktivitetane ikkje blir godkjend ved første forsøk, er det berre denne som skal leverast på nytt.
Sluttvurdering: Bestått/ikkje bestått
Opptak
Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Fagbrev og svennebrev som kvalifiserer til opptak
- Helse- og oppvekstfag
- Aktivitørfaget
- Ambulansefaget
- Apotekteknikk
- Fotterapi
- Helsearbeidarfaget
- Helsesekretær
- Hudterapi
- Ortopediteknikkfaget
- Portørfaget
- Tannhelsesekretær
Vitnemål som hjelpepleier og omsorgsarbeider tilsvarer det som i dag heter helsefagarbeider. Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Kostnader
Utdanninga er gratis.
Samlingsplan haust 26
|
Veke / dato |
Aktivitet |
Innhald |
Gjennomføring |
|
Uke 39 |
Oppstart av emnet |
Introduksjon til emnet, læringsressursar, arbeidsmåtar og informasjon om obligatoriske læringsaktivitetar |
Asynkront – studenten arbeider fleksibelt innenfor perioden. |
|
Uke 40–41 |
Asynkront arbeid |
Arbeid med fagstoff, læringsressursar, refleksjonsoppgaver og aktiviteter. |
Asynkront. |
|
Uke 42 |
Digital synkron samling |
Fagleg undervisning og dialog. Gjennomgang av obligatoriske læringsaktivitetar, oppgåvetekst, krav og kriterium for godkjenning. |
Digital synkron samling. Deltaking vert sterkt anbefalt. |
|
Uke 43 |
Asynkront arbeid |
Vidare arbeid med fagstoff og arbeid med obligatoriske læringsaktivitetar. |
Asynkront. |
|
Uke 44 |
Digital synkron samling |
Fagleg oppsummering og rettleiing på obligatoriske læringsaktivitetar i grupper. Rettleiinga kan ved behov strekke seg noko utover oppsett tid. |
Digital synkron samling. Deltakelse anbefales sterkt. |
|
Uke 45 |
Første innleveringsfrist |
Obligatoriske læringsaktivitetar kan leverast. |
Første forsøk. |
|
Uke 45 |
Vurdering og tilbakemelding |
Studenten får beskjed om obligatoriske læringsaktivitetar er godkjent eller ikkje godkjent, og ved behov tilbakemelding som grunnlag for nytt forsøk. |
Oppfølging etter første forsøk. |
|
Uke 46 |
Frist for andre forsøk |
Obligatoriske læringsaktivitetar som ikkje er godkjent ved første forsøk, kan leverast på nytt. |
Kun obligatoriske læringsaktivitetar som ikkje er godkjent, leverast på nytt. |
|
Uke 46 |
Emnet avsluttast |
Obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjent for at emnet skal vere bestått og gi 5 studiepoeng. |
Avslutning av emneperioden. |