Hopp til hovedinnhold

Å stå i rolla: Profesjonell rolle og fagleg tryggleik - EMNE

Dette emnet gjev studenten ei innføring i profesjonell rolleforståing, etikk, makt og asymmetri, grensegangar, emosjonelle belastningar, eigenomsorg og refleksjon i praksisfellesskap.

Varigheit:
8-10 veker
Utdanningsform:
Deltid, nettbasert
Studiepoeng:
5
Neste oppstart:
Februar 27
Studiestad:
Bergen

Dette emnet er eit frittståande emne i emnepakken Psykisk helse for barn og unge ved Fagskulen Vestland. Studiet er forankra i den akkrediterte fagskuleutdanninga Barn og unges psykiske helse på 60 studiepoeng, og er utvikla som eit komprimert og praksisnært tilbod med tre emne på 5 studiepoeng kvar.

Tilbodet byggjer på kompetansebehov frå tenestefeltet og skal gi tilsette som arbeider tett på barn og unge styrkt kompetanse innan psykisk helse, førebygging, relasjonelt arbeid, psykososial forståing og tidleg innsats. 

Målgruppa er fagarbeidarar og assistentar som arbeider med barn og unge i sitt daglege arbeid. Tilbodet rettar seg mot yrkesaktive som har oppgåver knytt til oppfølging, støtte og samhandling rundt barn og unge, og som har behov for styrkt kompetanse innan psykisk helse for barn og unge, førebygging, relasjonelt arbeid, psykososial forståing og tidleg innsats.

Tema i dette emnet

  • Profesjonell rolle og ansvar i relasjonelt arbeid
  • Makt og asymmetri i relasjonar med barn og unge
  • Grensegang mellom personleg og profesjonell rolle
  • Etiske dilemma i arbeid med barn, unge og føresette
  • Emosjonelle belastningar i arbeidet
  • Omsorgstrøyttleik og behov for eigenomsorg
  • Refleksjon og erfaringslæring i praksisfellesskap

Oppbygging og arbeidsmåtar

Studiet er heildigitalt og fleksibelt og er særleg tilpassa yrkesaktive deltakarar.

Gjennomføringa er lagt opp slik at deltakarane kan kombinere studiet med arbeid. Studiet består av asynkront læringsarbeid, casebasert læring, individuelt arbeid, gruppearbeid, rettleiing og frivillige digitale samlingar. 

Læringsaktivitetane tek utgangspunkt i deltakarane sin eigen arbeidssituasjon og relevante praksisnære problemstillingar. 

Praktisk gjennomføring

Emnet blir hovudsakleg gjennomført asynkront. Det betyr at studenten i stor grad kan arbeide med læringsressursar, aktivitetar og oppgåver når det passar, innanfor emneperioden og dei oppgitte fristane.

Det blir gjennomført to digitale synkrone samlingar. Samlingane er ikkje obligatoriske, men deltaking blir sterkt tilrådd. På den første samlinga blir mellom anna obligatoriske læringsaktivitetar og kriteria for godkjenning gjennomgått. På den andre samlinga blir det lagt opp til fagleg oppsummering og rettleiing i grupper knytt til arbeidet med obligatoriske læringsaktivitetar. Rettleiinga kan ved behov strekkje seg noko utover oppsett tid.

Obligatoriske læringsaktivitetar (OLA)

For å bestå emnet og få 5 studiepoeng må to obligatoriske læringsaktivitetar (OLA 1 og OLA 2) vere godkjende. Studenten har inntil to forsøk på kvar OLA. OLA 1 og OLA 2 kan leverast samtidig. Dersom berre éin av aktivitetane ikkje blir godkjend ved første forsøk, er det berre denne som skal leverast på nytt.

Sluttvurdering: Bestått/ikkje bestått

Opptak

Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.

Fagbrev og svennebrev som kvalifiserer til opptak

  • Helse- og oppvekstfag
  • Aktivitørfaget
  • Ambulansefaget
  • Apotekteknikk
  • Fotterapi
  • Helsearbeidarfaget
  • Helsesekretær
  • Hudterapi
  • Ortopediteknikkfaget
  • Portørfaget
  • Tannhelsesekretær

Vitnemål som hjelpepleier og omsorgsarbeider tilsvarer det som i dag heter helsefagarbeider. Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Les meir om realkompetanse

Kostnader

Utdanninga er gratis.

Samlingsplan vår 27

Neste gjennomføring av dette emnet er planlagt med oppstart i februar 2027.

Detaljert samlingsplan vert publisert i samband med utlysing av emnet. 

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

E-post: fagskulenvestland@vlfk.no