Hopp til hovedinnhold

KEM - Klima, energi og miljø - Førde

Ventilasjonsrøyr i eit tak

Fordjupingsområdet KEM gjev deg opplæring i byggeplassleiing, BIM, bygningsfysikk, vannbåren varme og kjøling, ENØK, elektro- og byggautomasjon, VVS-prosjektering og ventilasjonsteknikk. Du lærer å utarbeide anbod, og får kunnskap om lov- og regelverk for bygg- og anleggsbransjen.

Studiestad: Førde
Utdanningsform: 
Nettbasert med samlingar, deltid
Studiepoeng: 
120
Varigheit: 3 år på deltid
Studieplan: KEM Førde

Neste studietart: August 2024
Søknadsfrist: 15. april 2024

SØK HER!

I aukande omfang vert nye bygg levert med større grad av integrerte tekniske anlegg. Dette stiller krav til at leiande personell har kunnskap om dei ulike anlegg slik at ein oppnår dei energi-, miljø- og klimakrava som myndigheiter og marknad til ei kvar tid krev.

Fagskule innan KEM gjer deg godt kvalifisert til å jobbe med prosjektering innan ventilasjonsteknikk, kjøleteknikk, varmeanlegg eller sanitærteknikk. Energivurdering av klimaanlegg (kjøle- og ventilasjonsanlegg) krev minimum kompetanse på teknisk fagskulenivå.

Arbeidsoppgåver kan også være sal, marknadsføring eller fagopplæring.

Organisering av utdanninga

Studiet er nettbasert med samlinger over tre år. Studiet gir 120 studiepoeng som svarer til eit toåring heiltidsstudium.

Gjennomføringsmodell for kvart skuleår samlingsbasert er slik:

  • Tre fysiske samlingar med fire undervisningsdagar pr. samling. Åtte timar undervisning pr. dag.
  • Seks nettsamlingar med to undervisningsdagar pr. samling. Sju timar undervisning pr. dag.

Undervisninga på samlingane skjer på dagtid frå morgon til ettermiddag.

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
    • automatiseringsfaget
    • betongfaget
    • elektrikerfaget
    • energimontør
    • industrimalerfaget
    • industrimekanikerfaget
    • industrimontørfaget
    • industrirørleggerfaget
    • industrisnekkerfaget
    • isolatør
    • kulde- og varmepumpemontørfaget
    • malerfaget
    • maskinteknikk
    • murerfaget
    • rørleggerfaget
    • tak- og membrantekkerfaget
    • tømrerfaget
    • ventilasjons- og blikkenslagerfaget
  • realkompetanse
Realkompetanse

Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande.  Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her