Interessa for lokal mat aukar, både innan næringa og hos forbrukarane. Fagskulen Vestland tilbyr fagskuleutdanning - Lokal matkultur - for dei som ønskjer ei heilskapleg utdanning innan den lokale gastronomien. Kjerna i utdanninga byggjer på kunnskap om matkvalitet, matproduksjon, matkultur og mattradisjon. Studentane får ei opplæring med fokus på lokal matkultur, med eit breitt fundament i kulturarven til det nordiske kjøkkenet.
Studiestad: Hjeltnes
Utdanningsform: nettbasert med samlinger
Studiepoeng: 120
Utdanninga passar spesielt godt for deg som er interessert i matfag og som ynskjer meir formell kompetanse.
Etter ferdig studie skal studenten ha ein god basis til å etablere, leige og drive ei berekraftig matbedrift, ha leiande stillingar for serveringsstader, produksjonsbedrifter, reiselivsbedrifter eller daglegvarebransjen. Andre aktuelle arbeidsfelt kan vere innan matfagleg rådgjevingsteneste, varedistribusjon, matjournalistikk eller som lærar innan matfag.
Organisering av utdanninga
Utdanninga er på 120 studiepoeng, som svarar til 2 år på fulltid. Lokal matkultur er eit deltidsbasert nettstudie som går over 3 skuleår. Det blir 6 samlingar kvart skuleår, i tillegg til nettundervisning mellom samlingane og 4 veker praksis. Samlingsvekene på skule er mandag – torsdag og vil innehalde praksis, bedriftsbesøk og demonstrasjonar.
Du kan søkje studieplass på grunnlag av:
Du kvalifiserer til utdanninga når du har fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Relevante fagbrev er:
Bakar
Butikkslaktar
Industriell matproduksjon
Institusjonskokk
Kjøttskjærar
Kokk
Konditor
Pølsemakar
Servitør
Sjømathandlar
Sjømatproduksjon
Slaktar
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan første semester.
Søkjarar med anna utdanningsbakgrunn, men som har god matkompetanse og / eller jordbrukskompetanse, kan bli realkompetansevurdert for å koma inn på studiet, til dømes produsentar og vidareforedlarar av lokalmat.
Du skal dokumentere:
Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).
Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.
Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)
Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.
Søk studieplass på Samordna opptak.
Utdanninga er unnateke studieavgift knytta til nettbaserte utdanningar.