Hopp til hovedinnhold

Spar eit heilt studieår

Ved Fagskulen Vestland, har vi oppretta ei ordning med studentrettleiarar og etablert eit samarbeid som gjer at du kan spare eit heilt studieår, dersom du tek vidare utdanning etter fagskulen.

Tekst: Tom Backe

Fagskulen Vestland har campus på åtte forskjellige studiestadar i Vestland fylke. Det er ein stor fordel ifølge rektor Torbjørn Mjelstad:

– Vestland fylke er ganske stort i areal og derfor er det ein fordel for studentane at vi har fleire studiestadar spreidd rundt i heile fylket. Da kjem vi nærmast mogleg der studentane arbeider og bur. Då blir det også enklare for dei å delta i studier, forklarer rektoren.

Studentar ved fagskular er gjerne litt annleis enn studentar ved høgskuler og universitet sidan mange av dei er i full jobb, har etablert seg i eigen heim, ofte har barn og gjerne er rundt 30 år gamle medan dei studerer.

– Vi har innsett at studentane våre har travle kvardagar kor det kan vere vanskeleg å få ting til å gå i hop. Derfor er det viktig at ikkje reising i seg sjølv blir for krevjande for dei, dersom dei for eksempel går på nokon av dei samlingsbaserte studia som Fagskulen Vestland tilbyr. Det gjeld å gjere studiekvardagen så fleksibel som mogleg, derfor har vi også opna for at studentane kan delta digitalt i enkelte tilfelle, fortset han.

– Det handlar om å ha fokus på det som er viktigast, nemleg studentane, legg rektoren til.

Torbjørn Mjelstad.JPG

Torbjørn Mjelstad

Eigne studentrettleiarar

Morten Breivik (23) hadde fagbrev som elektrikar og hadde vore i militæret før han starta på Fagskulen Vestland. No går han andre året på elkraft og målet er å bli elektroingeniør, men han har også fått rolla som studentrettleiar for medstudentane sine:

– Som studentrettleiar hjelper eg medstudentar som slit i enkelte fag eller kanskje har litt lite motivasjon, fortel han.

Det vanlege er at Morten set av ei fast tid kvar veke der dei studentane som vil, kan møte opp og få hjelp med studia, få svar på spørsmål, eller hente motivasjon. Som regel er det 10 – 15 som møter opp på kvar samling.

– Vi ser stor nytte av dette, både på heiltidsstudia, men kanskje aller mest på dei samlingsbaserte studia. Då er dette tilbodet viktig for å hjelpe dei igjennom, og ikkje minst for å skape og utvikle eit godt læringsmiljø, skyt rektor Torbjørn Mjelstad inn.

Sparer eit studieår

Morten Breivik trivst og er svært godt nøgd med Fagskulen Vestland. Planen er at han skal gå vidare på ingeniørstudiar ved Høyskolen på Vestlandet som Fagskulen har eit samarbeid med:

– Avtalen er at studentar som går elkraftlinja her, kan gå rett inn på andre året på ingeniørutdanninga på høgskulen. Det betyr faktisk at eg sparer eit heilt år med studiar, sier Morten nøgd.

Morten Brevik, 1. elkraft.jpg

Morten Breivik

– Vi jobbar med å få på plass tilsvarande løysingar for bygg- og maskinfag også. Dei som vel å gå vegen frå yrkesfag via fagskule til høgare studiar får ein fantastisk kompetanse som kanskje har større verdi enn mange andre utdanningar, sidan dei også har praktisk bakgrunn. Eg pleier ofte å seie at vi ikkje er ein akademisk institusjon, men ein institusjon som set pris på den kunnskapen vi har lært gjennom hendene. Eller sagt på ein annan måte; at vi er universitetet med dei kloke hendene, avsluttar rektor Mjelstad.