Hopp til hovedinnhold

Fagskulen Vestland kursa europeiske faglærarar i maritim batteriteknologi

Kursdeltakarane på tur med elferje

Elektrifisering og meir bruk av batteri er ein viktig del av det grøne skiftet og batteriindustrien er på kraftig frammarsj. Behover for kompetanse og fagarbeidarar er stort.

Det er berekna at over 70 prosent av jobbane knytt til batterisektoren i åra som kjem, vil vere for fagarbeidarar. Det set nye krav til grunnopplæring, omskulering og kompetanseheving. Ikkje berre for fagarbeidarane, men også for lærarane som skal undervise studentar i batterifaget.

Fagskulen Vestland er med som partnar i det toårige Erasmus+-prosjektet «Capacity Building for Battery Teachers in Vocational Education and Training» (CaBatt). Prosjektet skal gje lærarar i høgare yrkesfagleg utdanning kompetanse om batteri og eit nettverk som gjer det mogleg å halde seg oppdatert. Slik kan opplæringsinstitusjonar tilby utdanning av høg kvalitet i batterifaget.

CaBatt-prosjektet blir leia av Vamia i Finland. I tillegg til Fagskulen Vestland deltar også Skellefteå kommune i Sverige, ATEC i Portugal og det Tekniske Universitetet i Ostrava i Tsjekkia.

Co-funded by the Erasmus+ Programme of the European Union

Fagskulen Vestland først ut

Prosjektet skal utvikle 5 internasjonale opplæringskurs for lærarar i yrkesfag i batteriindustrien. Kvart kurs består av eit nettkurs og eit tredagars fysisk undervisningsopplegg. Kursa blir arrangerte i Norge, Sverige, Finland, Portugal og Tsjekkia.

Undervisning på Nygård. Tema: Batteri i maritim sektor.

I desember 2023 kom kring  30 yrkesfaglærarar frå sju europeiske land til Bergen. Fagskulen Vestland var første partnar ut, og i samarbeid med Corvus Energy arrangerte vi kurset «Maritime Sector and Batteries». Under kurset fekk deltakarane opplæring i ei rekke emne relatert til batteribruk og elektrifisering av maritim sektor.

Kurshaldarane var svært kompetente, med erfaring frå bransjen og forskningsfeltet. Kursdeltakarane fekk opplæring i litium-batteri med døme frå både hybride og fullelektriske fartøy. Vi var innom korleis el-ferjer vert lada, og korleis brann i batteripakkar om bord på fartøy kan oppstå og handterast. Forskning på framtidig bruk av batteri i maritim sektor, som lading til havs, var også på programmet.

Knyter internasjonale band

Deltakarane fekk ei interessant omvising i batterifabrikken til Corvus Energy på Midttun utanfor Bergen, og dei fekk reise på tur med MF Kommandøren, den elektriske bilferja mellom Haljem og Våge. Under turen fekk kursdeltakarane sjå batterirommet på ferja og diskuterte fordelane ved elektrifisering med kapteinen. Det vart også tid til omvising på Fagskulen Vestland sine opplæringssimulatorar på studiestad Nygård, og dei fekk knytta verdifull kontakt med kollegaer i andre land gjennom gruppearbeid og sosiale aktivitetar.

Neste kurs vil bli halde Skellefteå i Sverige i mai 2024, og vil ta føre seg produksjon av batteri.

Besøk gjerne heimesida til CaBatt  for meir informasjon om prosjektet.

Kontaktpersonar ved Fagskulen Vestland er Dagfinn Husjord, som underviser i nauatikk på Nygård, og inernasjonal koordinator Hege Fjeld.

Kontaktpersonar er internasjonal kontakt, Hege Fjeld, og Dagfinn Husjord som underviser i nautikk på Nygård.