Hopp til hovedinnhold

Norsk frukt og bærproduksjon har ei god utvikling, og lokal og berekraftig produksjon er med på å auke moglegheitene for produsentane. Kunnskap er viktig, inkludert kompetanse innan produktutvikling, kvalitet, økonomi, emballering og kjedekunnskap.

Studiestad: Utdanningstilbodet er eit samarbeid mellom Fagskolen Innlandet, fagskulen Vestland og Nome vidaregående skule. Studiet vert gjennomført på : 
- Fagskulen Vestland, avd Hjeltnes
- Studiestad Søve 
Utdanningsform: nettbasert med samlingar
Studiepoeng: 60

Studieplan: Frukt og Bær

Varigheit: 2 år
Neste studiestart: august 2024
Søknadsfrist: 15.april 2024

Søk her!

I fruktnæringa er og most og sider viktige produksjonar og er tatt med som ein av tre fordjupingsemne  i denne utdanninga. Det er viktig at studiet er relevant for den enkelte student, derfor er tilbodet bygget opp av valbare emne.

Studiet er utvikla i samarbeid med aktuelle næringsorganisasjonar og fagpersonar, for å sikre nærheit til landbrukets behov.

Studiet har følgande fordjupingsemne: 

  • Fruktdyrking (20 studiepoeng)
  • Bærdyrking (20 studiepoeng)
  • Most- og siderproduksjon (20 studiepoeng)

 

Studiet har følgande fellesemne: 

  • Planteproduksjon (8 studiepoeng)
  • Marknad, kommunikasjon og verdiskaping (12 studiepoeng)
  • Klima, miljø og energi (5 studiepoeng)
  • Driftsleiing og økonomi (10 studiepoeng)
  • Vidareforedling av frukt og bær (5 studiepoeng)

 

Opptakskrav:

  1. Fullført og bestått vidaregående opplæring med fagbrev / sveinnebrev, yrkeskompetanse eller generell studiekompetanse

eller

  1. Søkaren må dokumentere tilstrekkeleg relevant praksis, tilsvarande dei krava som vert stilt til fullført og bestått vidaregående opplæring innanfor eit av dei godkjente lærefaga som kvalifiserer for opptak til studietilbodet. Praksisen kan vere opparbeida gjennom arbeids- og samfunnsliv, frivillig sektor, utdanning, kurs eller anna.

Søkarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fag/sveinneprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.

Godkjent fagbrev:

  • Landbruk
  • Gartnar