Hopp til hovedinnhold

Ynskjer du auka kompetanse om plast og kompositt? I dette kurset kan du fordjupe deg i materialeigenskaper, bruksområder og generelt skaffe deg ein god base fagkunnskaper innan dette fagfeltet.

Studiestad: Førde

Utdanningsform: Nettbasert med samlingar

Varigheit: Eitt semester

Studiepoeng: 10

Kostnader: Gratis

Oppstart: Informasjon kjem. Har di bedrift særskild interesse for dette studiet? Vi høyrer gjerne frå dykk. 

Søknadsfrist: Vi legg ut frist og lenke til søknadsskjema så snart vi har avklart neste oppstart. 

 

I dette kurset vil du få ei grundig innføring i viktigheten og behovet for lettvektsmaterialer, og du vil få ny innsikt i bruksområdene for desse. Du vil bli kjend med ulikle råvarer og brukseigenskapene deria. I undervisninga vil du få ei innføring i grunnleggande produksjonsprosessar som: 

  • Handlaminering
  • Vakuum baging
  • Vakuum infusion
  • Prepreg/autoklave
  • SMC/BMC

 

Kurstematikk

  • Råvarer
  • Produksjon
  • Sigma design
  • Bruk av tekniske datablad
  • Berekning av eigenskaper
  • End of life/end of use
  • Bonding
  • Materialtesting

 

Læringsutbyte

 

Etter gjennomført kurs skal du ha skaffa deg grunnlaggande kunnskaper om fysiske og mekaniske eigenskaper og bruk av ikkje-metalliske materialer som konstruksjonsmateriale. Du vil ha tileigna deg bransjekunnskap og kjennskap til ulike produksjonsprosessar for yrkesfeltet. Du vil sitje igjen med kunnskap om verkty som nyttast innan feltet, og ha tileigna deg kjennskap til matematiske metodar for berekning av mekaniske eigenskapar. Du vil være kapabel til å oppdatere din yrkesfaglege kunnskap innan materiallære, og forstår bransjen si betydning i eit samfunns - og verdiskapingsperspektiv. 

Etter endt kurs skal du: 

 

  • Kunne nytte deg av faglig viten når du står stil overfor  praktiske og teoretiske problemstillingar
  • Kunne kartlegge og innhente informasjon og fagstoff relevant for ei yrkesfagleg problemstilling
  • Gjere reie for relevante verkty, konstruksjonsmaterialar og verdiskapingsperspektiv
  • Løyse varierande problemstillingar innan emnet, båe individuelt, og i gruppe
  • Kunne vurdere ulike materialers mekaniske eigenskapar ut i frå ulike testmetodar

Alle søkjarar som har fagbrev innan maskin, bygg, anlegg og elektro kvalifiserer for opptak. 

Har ein ikkje relevant fagbrev kan ein søkje på grunnlag av realkompetanse. Søkjar lyt då være fylt 23 år, og vise til lang relevant arbeidserfaring innan eit relevant fagfelt. Du kan lese meir om realkompetanse  her

Undervisning

Undervisninga vil foregå på nett som videokonferanse i Teams. På nettsamlingane vil det verte  utdelt oppgåver som skal løysast i grupper. Det skal jobbast med ei prosjektoppgåve, og det vil være oppgåver som skal løysast mellom samlingane. Desse, og relevant fagstoff vert lagt ut på Teams.

Vurderingsformer:

Mappevurdering av arbeidsmappe med prosjektoppgåve og obligatoriske fagoppgåver. Vurderes til godkjend eller ikkje godkjend av faglærar og intern sensor.