Hopp til hovedinnhold

Dette er eit emne for deg som ynskjer meir kunnskap om velferdsteknologi og korleis ein kan hjelpe menneske i ulike situasjonar til å nyttegjere seg av denne teknologien.

Studiestad: Nettbasert
Utdanningsform: Nettbasert
Studiepoeng: 10
Varigheit: 14 veker
Kostnader: Gratis

Neste studiestart: 14. mars 2024
Søknadsfrist:  4. mars

Klikk her for å søke!

Om emnet

Velferdsteknologi er eit av emna i studiet «Rehabilitering, kvardagsmeistring og velferdsteknologi». Kompetanse om velferdsteknologi og universell utforming er viktig for å evne å sjå teknologien, båe i ein helse- og omsorgskontekst, og i samhandling med pasient/brukar og pårørande. Velferdsteknologi har i Norge og internasjonalt fått auka fokus dei siste åra, og har fått ein tydeleg plass på agendaen, mellom anna via prosjektet Nasjonalt Velferdsteknologiprogram.  

Oppbygging og gjennomføring

Emnet har eit omfang på 10 studiepoeng. All undervisning er nettbasert og det er ingen obligatorisk oppmøteplikt. Oppstart er lagt til veke 11 og undervisninga varar til og med veke 24. Læringsmateriell vil bli lagt ut på vår digitale læringsplattform slik at kvar enkelt kan studere når det passar. Det blir lagt opp til rettleiingsøkter etter behov. 

Læringsutbyte

Velferdsteknologi bidrar til auka tryggheit, sikkerheit, sosial deltaking, mobilitet og fysisk og kulturell aktivitet. Styrking av den enkelte si evne til å klare seg sjølv i kvardagen, til trass for sjukdom og/eller nedsett funksjonsevne. Velferdsteknologi skal vere ein integrert del av helse -og omsorgstenestene. Framtidas utfordring med at vi blir fleire eldre enn barn i 2030 krev bruk av velferdsteknologi, som bidrar til at fleire kan bu heime lenger og meistrar eige liv og helse. 

Dette emnet gjev ei innføring i tema som: 

  • Universell utforming
  • E-helse og digitalisering
  • Personsentrert tilnærming og brukarmedverknad
  • Velferdsteknologi –kva, korleis og kvifor?
  • Brukarstyrt behov, «Kva er viktig for deg?»
  • Tilrettelegging av miljø i heim og nærmiljø
  • Tenesteinovasjon, implementering og drift av velferdsteknologi
  • Tverrfagleg- og fleirfagleg samhandling i alle ledd 
  •  Sikre brukar- og personellopplæring

 

Opptak

Du kan søke studieplass dersom du har fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i: 

  • Helsearbeidarfaget
  • Omsorgsarbeidar
  • Barne- og ungdomsarbeidarfag
  • Aktivitør

 

Du kan også søke på bakgrunn av vitnemål som hjelpepleiar.

  • Realkompetanse

 

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her